eldorado

Båndtvang
Vågå kommune innførde i 2006 ny forskrift om bandtvang for hund. Ordinær bandtvangperiode er 1. april - 20. august. Kommunestyret vedtok den 30.05.06 med heimel i Hundelova, forskrift om bandtvang for hund. Bandtvangsperioden vart da utvida t.o.m. 1. oktober i beiteområda, grunngjevinga frå kommunen var at dette vart gjort for å forebyggje uheldige situasjonar med laushund og beitedyr. Den utvida bandtvangen gjeld ikkje jakthundar, gjetarhundar, tenestehundar, ettersøkshundar og hundar i organisert trening. Utanom bandtvangstida kan hunden vera laus, men det krevst at eigaren/brukaren har kontroll over hunden og kan gripe inn raskt dersom det er naudsynt.
Heile forskrifta finn du her.

Campingregulering
Regulering av camping i Langmorkje statsallmenning er eit samarbeidstiltak mellom Vågå kommune, Vågå fjellstyre og Statskog. Vedtaket om regulering er gjort med heimel i friluftslova. Motivet for reguleringa er mellom anna å hindre naturslitasje og forsøpling, verne om dyre- og planteliv, kulturminne og landskap. Det var omfanget av trafikken både utanom og langs med vegane som gjorde det nødvendig med regulering. Reguleringa inneber at camping, dvs. overnatting eller attsetting av bubilar, campingvogner, kombicamps og hustelt, er lovleg berre på plassar som er særleg tilrettelagt for det, dvs. etablerte turistbedrifter og campingplassar. Parkering og rasting for stuttare tid er lovleg.

Reglar for ferdsel på Sjoa
Sjodalen har sitt namn frå Sjoa (av gammalnorsk hjàr = den glitrande), elva som renn ti mil frå fjellsjøen Gjende i Jotunheimen nasjonalpark og ut i Gudbrandsdalslågen. Sjoa er gjennom Stortingsvedtak i 1973 varig verna mot kraftutbygging. Snøsmelting i høgfjellet gjev jamn og høg vassføring i elva heile sommaren, og den er såleis ei svært populær elv til ulike former for elvesport. Det er fleire raftingselskap som driv kommersielt i Sjoa. Deler av Sjoa er ikkje farbar med elvefarkostar, og dessutan kan enkelte strekningar vera farlege ved stor vassføring.

Fordi bruken av Sjoa har vorte utvida og intensivert dei seinare åra, sette kommunane Sel og Vågå i 1992 i gang eit arealplanarbeid for elva og omkringliggjande areal. Dette resulterte i at det vart innført ferdselsreglar i tilknyting til Sjoa. Det er såleis ikkje høve til å rafte, padle eller på anna vis ta seg fram i elva utanom visse strekningar. I Sjodalen er det opna for slik ferdsel på strekninga Steinholet – Grjotåa. Regelen gjeld ikkje på Øvre og Nedre Sjodalsvatn.

Reglar for bruk av båtmotor
Det er lov å nytte båt med motor inntil 10 hk. på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre og Øvre Sjodalsvatn. På Bessvatnet og Russvatnet som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan båt med motor inntil 6 hk. nyttast berre i samband med utøving av bruksrett (innanbygds). På Gjende, som og ligg i Jotunheimen nasjonalpark, er og motorbruken knytt til bruksretten, det vil seie at bruk av motor berre kan skje av innanbygds ved utøving av jakt, fiske og tilsyn med beitedyr, og da med motor opp til 10 hk. På alle andre vatn og elvestrekningar innanfor Langmorkje statsallmenning er det ikkje lov å nytte båtmotor.

Andre reglar
 I området er det vanlegvis lite nedbør. Det er difor i enkelte periodar svært stor skogbrannfare. Det er ikkje lov å tenne bål i skog og mark mellom 15. april og 15. september. Dette forbodet gjeld ikkje på snaufjellet.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a