eldorado

I området er det generelt eit variert dyreliv der dei vanlege artane knytt til skog og snaufjell finst.

Reinen er høgfjellsarten framfor alle, med si tilpassing til låge temperaturar og karrige beiteforhold. Den er eit flokkdyr og er stadig på vandring. Vandringane skjer mellom beiteområde til ulike årstider, og i samband med kalvinga om våren. I Aust-Jotunheimen er det i dag tamreindrift, men på nordsida av Ottadalen mellom anna i Nordherad statsallmenning, er det villrein.

Elgen er vanleg i dette furuskogsområdet. Furubar er saman med vier og skot av ulike lauvtrearter viktig næring, spesielt i vinterhalvåret, og ein vaksen elg treng ca. 15 kg kvist og bar kvar dag. Randsverkområdet og fremre delar av Sjodalen er eit viktig vinterbeiteområde for elg, ikkje berre for den stasjonære elgen, men også for ”trekkelg” som i juletider kjem heilt frå søre delar av Oppland til vinteropphald her. På ettervinteren trekkjer den tilbake til sine ”heimeområde”.

Jerven
Jerven streifar omkring i Jotunheimen. Bestanden er ikkje som på 1950/60-talet, men det blir observert spor etter jerv i Sjodalsområdet kvar vinter. Fjellreven er svært sjeldan, medan raudreven er vanleg til og med i høgfjellet. Lemen opptrer år om anna i svært store mengder, og seinast i 1994 var det lemenår i distriktet. Lemen og andre smågnagarar er viktig føde for rovfuglar og mindre rovdyr, og bestandsvariasjonane for desse følgjer svingingane i smågnagarbestandane.


Mange rovfuglar hekkar i desse fjellområda, og ein kan oppleve å sjå både kongeørn, fjellvåk, jaktfalk, dvergfalk, tårnfalk, myrhauk og fleire ugleartar. I seinare år har det vore enkeltobservasjonar av snøugle i området. For vade- og andefuglar finst fleire gode våtmarksområde, som kommunen har gjeve eit visst vern i kommuneplanen.

Fjellrype

Fjellrypa har mellom anna med si kamuflasjedrakt, tilpassa seg eit liv i høgfjellet. Den finst i gode bestandar i området og kan påtreffast som ”turfølgje” etter dei vanlege fotrutene i Jotunheimen. Fjellrypa er for mange eit ettertrakta jaktobjekt, men etter dei fyrste snøfalla om hausten, samlar den seg ofte i mindre flokkar og er som regel vanskeleg å kome innpå.

Lemen

Lemen opptrer år om anna i svært store mengder, m.a. i 1994 var det eit skikkeleg "lemenår" i distriktet.

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a