eldorado

Jotunheimen og Sjodalen er eit svært viktig rekreasjonsområde for mange, også for den lokale befolkninga. I området er det svært gode moglegheiter for fjellvandring, skiturar, brevandring, jakt og fiske. Her finst alt frå lett tilgjengelege turområde i terreng som passar for småbarnsfamiliar og lite fjellvante folk, til krevjande høgfjellsturar. I området er det eit variert og godt turstignett, mellom anna i Gjendeområdet der det er fleire T-merka ruter å velja mellom.


Besseggen skulle vera kjent for dei fleste. Truleg er mellom 40.000 og 50.000 personar innom turruta over Besseggen i løpet av barmarksperioden. Gjennom forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark er områda i nasjonalparken inndelt i brukssoner og soner utan tilrettelegging og inngrep. Besseggen ligg i ei såkalla brukssone.

Vinterstid byr områda på skiterreng av alle slag, både i preparerte løyper, etter kvista løyper og i område utan tilrettelegging. Det er utarbeidd eit skiløypekart, som er å få kjøpt på turiststadene. Av aktivitetar utanom det meir tradisjonelle friluftslivet, kan ein nemne rafting, juving og riding. Vågå Reiseliv har oversikt over dei tilboda som finst, du finn heimesida deira her. 

 

 

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a