eldorado

Vedlegg til pkt. 8 i fiskereglane. Gjeld for innanbygdsbuande

 

 

REGLAR FOR FISKE MED FASTSTÅANDE REISKAP

 

A

Garnfiske er lov i tida 15. juni (kl. 16) - 30. juni (kl. 10) og i tida 1. august (kl. 16) - 15. september (kl. 10).  På Gjende er garnfiske lov i tida 15. juni (kl. 16) til 25. september (kl. 10).

Vatn Ant. garn pr. kort Lovleg maskevidde
Lemonsjøen, Kvitingen 5 39 mm el. større
Surtningen, Flatningen, Nedre Leirungen 7 35 mm el. større

 

Nedre Sjodalsvatn

 

7

2

35 mm el. større

24 mm el mindre

Øvre Sjodalsvatnet

7

1

39 mm el. større

24 mm el. mindre

Bessvatnet 7 39 mm el. større
Gjende

8

2

39 mm el. større

29 mm el. mindre

Melingen, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Øvre Leirungen

8 Fri maskevidde
Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Brurskarstjønn 8 Fri maskevidde, minst 2 garn må vere på 24 mm el. mindre


Fiskarane blir oppfordra til også å nytte dei småmaska garna der dette er lov.
Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 meter, og kan ha ei høgd på inntil 2 meter. På Flatningen kan det nyttast garn med høgd på inntil 4 meter.

 

B

Fiske med reiv er lov berre i dei vatna det er opna for garnfiske og i same tida som for garnfiske. På vatn der det ikkje er opna for garnfiske kan ein likevel setje ut ei stong som kan stå over natta.
Ved fiske med reiv kan det nyttast inntil 50 krokar pr. fiskar.

C

Generelle reglar for fiske med fastståande reiskap (garn, og reiv)

Ein og same person kan ikkje fiske på meir enn eitt vatn med fastståande reiskap pr. natt.
Mellom kl. 10.00 og kl. 16.00 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i vatna.
Alle garn/garnrekkjer, reiv (ved bruk av line med utsetting frå båt) skal markerast med "garnkule" eller ein annan lett synleg gjenstand merka med fiskaren sitt namn. Reiv (utsett frå land) og isonglar skal vera merka med fiskaren sitt namn.
Det er til kvar tid forbode å setja garn og reiv nærare utløpsosen på Bessvatnet, inn- og utløpsosen på Øvre Leirungen, Sjoa sitt inn- og utløp på Øvre Sjodalsvatn, Leirungsåa, Svarva og Memuruelva på Gjende, samt Sjoa sitt innløp i Nedre Sjodalsvatn enn 100 meter. Ved Gjendeosen går denne grensa til oppsette merke på båe sider av vatnet (ca. 2-300 m frå båtbryggja).
Alle dei som er med i garnfiske og reivfiske (dvs. når to eller fleire fiskar saman), må delta aktivt under heile fiske, dvs. både ved utsetting og inntaking av reiskapen.

 Det er ikkje sett noko nedre aldersgrense for å kunne delta med kvote i fiske med garn eller reiv. Men ein generell regel er at den som deltek i slikt fiske, må under normale vindforhold, vera i stand til å ro/styre båten eller kunne handtere reiskapen. 

Ver nøye med tida, ikkje set uti garn eller reiv før kl. 16.00. Ved svært sterk vind kan garn eller reiv stå lenger i vatnet enn til kl. 10.00. Dersom det er praktisk mogleg, bør fjelloppsynet bli varsla dersom garn eller reiv ved slike værtilhøve blir ståande lenger enn til kl. 12.00.


 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a