eldorado

Det kan løysast både 1-døgn-, 3-døgn-, vekes- og sesongkort. For stongfiske kan det for alle korttypene og løysast familiekort, for dei to andre korttypene er det kun for sesongkort ein kan løyse familiekort. Vågå fjellstyre har mange kortseljarar, både nede i bygda og i fjellet.

Kort kan løysast på følgjande stader:

Vågåmo
 
YX Vågå  
Lalm  
Coop Marked Lalm  
Randsverk/Lemonsjøområdet  
Grov camping Randsverk kiosk og camping
Skarå camping  
Lemonsjø fjellstue  
Sjodalen/ Gjendeområdet  
Sjodalen hyttetun Besseggen fjellpark/ Maurvangen
Hindsæter fjellhotell Gjendesheim
Heimsand camping Memurubu
Krambua Gjendebu
Bessheim fjellstue  
Heidal  
YX Bjølstadmo  

 
























Dei ulike bedriftene har noko varierande lengde på sesongen, men fleire av dei har heilårsdrift. Skal du kjøpe fiskekort utanom høgsesongen så kan det vera greitt å kontakte kortselgjar eller fjellstyrekontoret på førehand for å undersøkje om den aktuelle kortselgjaren har ope.

I tillegg kan kort kjøpast over Internett, på Inatur

Prisar (sist regulert i 2016)

 

Stongfiske

Stong-/oter-/garnfiske for utanbygds*

Kort for innanbygds (stong, isfiske, oter, reiv, garn)**

1-døgn

kr.75,- (120,-)

kr.125,- 

kr. 75,- 

3-døgn

kr.175,- (250,-)

kr. 250,-

kr.175,- 

veke

kr.250,- (350,-)

kr.350,- 

kr.250,-

sesong

kr.400,- (550,-)

kr.550,- (750,-)

kr.400,-(550,-)

* Korttype berre for utanbygdsbuande med fast adresse i Norge.
** Korttype berre for innanbygdsbuande i Vågå kommune. 
Prisen i parentes er pris for familiekort, og gjeld for ektefeller/sambuarpar/einslege m/barn under 20 år. For korttypene "Stong-/ oter-/ garnfiske for utanbygds" og "Kort for innanbygds" er det kun for sesongkorta ein får kjøpt familiekort.

Barn under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong, handsnøre eller ved isfiske.

For barn og ungdom i Vågå (innanbygds) opp til og med fylte 19 år er fiskekortet gratis. Sjølv om kortet er gratis, må dei likevel løyse kort.

I tillegg til det vanlege fiskekortet har Vågå fjellstyre eit samarbeid med Lom fjellstyre, og Luster Austre fjellstyre om eit felles fiskekort laga for deg som vandrar i Jotunheimen, og vil fiske i fleire vatn og vassdrag. Kortet gjeld for delar av Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje statsallmenning. For Vågå fjellstyre sin del så gjeld kortet den delen av statsallmenninga som ligg innanfor Jotunheimen nasjonalpark. For meir informasjon, og kjøp av kort kan du gå inn på denne sida: Fiske i Jotunheimen

Oversikt over kortsalet

Vi hadde  ein  oppgang i kortsalget i 2016, oppgangen kom i hovudsak på stongfiske, men vi hadde og ein liten oppgang i alget av kort for stong/ oter/ garn for utanbygds. For innabygds hadde vi ein merkbar nedgang i kortsalget, antal selde kort gjekk ned med 67 stk, og vi var i 2016 nede på 320 selde kort til innanbygds. Oversikt over kortsalget dei to siste åra finn du her:pdfFiskekortsalg 2016 . 

Er du interessert i å sjå statistikk over kortsalget frå fleire år finn du oversikt over kortsalget dei siste 10 åra her: pdfFiskekortsalg 2007-2016 .

I tillegg var det i 2015 seld 141 kort av "Jotunheimenkortet" ein nedgang på 292 kort sidan 2014, noko som skuldast den seine sommaren i høgfjellet, mange vatn og tjønner vart seint isfrie,og enkelte vart ikkje isfrie denne sommaren/ hausten.

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a