eldorado

 

FISKEREGLAR

 

Vågå fjellstyre og Vågå kommune har fastsett følgjande fiskereglar for Langmorkje statsallmenning og for Vågå kommune sine eigedomsvatn og elv. Reglane vart sist revidert i 2015.

 

1. Fiskekort må løysast før fiske tek til. Dei under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong, og isonglar. Dei under 16 år som fiskar med annan reiskap enn stong, eller isonglar, må løyse fiskekort. Ved fiske frå båt, kan fiskaren, dvs. den som handterer reiskapen, ha med seg ein hjelpar til å ro eller styre båten utan at denne treng å løyse kort.

 

2. Dei som er busette i Norge har høve til å fiske med ei stong , oter (sjå pkt. 7), garn (sjå pkt. 8) og isonglar (sjå pkt. 5). Utlendingar (som ikkje bur i Norge) har høve til å fiske med ei stong. Dette omfattar også isfiske, men ikkje bruk av isonglar.
Innanbygdsbuande, dvs. dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Vågå kommune, kan fiske med stong, oter, isonglar, reiv og garn.

 

3.Det er til kvar tid forbode å nytte annan reiskap enn stong, handsnøre, oter, isonglar, reiv og stågarn (botngarn). I elv og bekk er fiske frå båt og alt anna enn stongfiske forbode. Hov kan nyttast som hjelpereiskap.

 

4.Fiske med stong er lov frå og med 15. mai t.o.m. 25. sept.
Stong som er utsett frå land og ikkje vert passa på blir å rekne som fastståande reiskap (reiv).

 

5.Isfiske er lov på alle vatn. Dette inkluderer bruk av isonglar, dvs. pilkestikkar som er utsett. På Flatningen er det ikkje lov å nytte isonglar. Det er lov å nytte inntil 5 isonglar pr. fiskar. Isonglane skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved bruk av isonglar over to eller fleire dagar skal fiskaren sjå etter dei minst to gongar kvar dag. Fiskaren kan ikkje nytte isonglar på to eller fleire vatn samtidig. Bruk av rykkpilk er ikkje lov.

 

6.Dorging er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 15. sept. Dorg er ei stong med eitt kroksett (dvs. ein sluk, ein spinnar e.l.), og dorging er bruk av dorg frå båt i rørsle. Det er lov å nytte to stenger pr. fiskar.
På vatn der det er opna for garnfiske (dvs. Veslvatnet, Kvitingen, Surtningen, Flatningen, Melingen, Slomtjønn, Lemonsjøen, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, Bessvatnet, Gjende, Øvre og Nedre Leirungen og Brurskarstjønn) er det lov å dorge berre mellom kl. 10 og kl. 16 i garnfiskeperioden, dvs. i tida 15. juni kl. 16 til 30. juni kl.10 og 1. august kl. 16 til 15. sept. kl. 10. Det same gjeld all fiske med stong frå båt, med unntak av fiske med flugestong, som er lov frå båt til kvar tid i heile stongfiskeperioden. for å unngå konflikter med anna fisking, spesielt oterfiske er det viktig å ta hensyn til andre når du dorgar. Det blir oppmoda om å nytte "høgrereglen", dvs. ta til høgre når du set uti båten (mot sola).

 

7.Oterfiske er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 15. sept. I garnfiskeperioden, på vatn der det er opna for garnfiske (sjå pkt. 6) er oterfiske lovleg berre mellom kl. 10 og kl. 16. På Gjende og Bessvatnet kan oterfiske skje mellom kl. 16.00 og kl. 10.00 også i garnfiskeperioden.
Innanbygds kan fiske med oter og med bruk av båt på alle vatn.
Utanbygds kan fiske med oter på Veslvatnet, Kvitingen, Surtningen, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Bessvatnet, Brurskarstjønn, Nedre Leirungen, Øvre Leirungen, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen. Oterfiske frå båt kan skje på dei nemnde vatna med unntak av Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.
Oterfiske er avgrensa til ein oter pr. båt og maks. 30 kroksett (spinnarar, fluger e.l.) pr. oter.Ved inntak av oter kan det nyttast ei ekstra oterfjøl. For å misnke farane for konflikter blir det ved oterfiske frå båt, oppmoda sterkt om å nytte "høgreregelen", dvs. ta til høgre når du set uti båten (mot sola). 

 

8.Garnfiske for utanbygds kan skje på Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre Leirungen i tida 15. juni kl. 16 til 30. juni kl. 10, og i tida 1. august kl. 16 til 15. sept. kl. 10, med inntil 4 garn pr. fiskar og med 29 mm som største maskevidde. Med unntak av Melingen, Griningsdalsvatnet, og Øvre Leirungen  det for kvart garnsett (person) vera minst eitt garn på 24 mm eller mindre. Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 m., og kan ha ei høgde på inntil 2 m. Ein person kan ikkje fiske med garn på meir enn eitt vatn pr. natt. Mellom kl. 10 og kl. 16 er det ikkje lov å ha garn ståande i vatna. Alle garn/ garnrekkjer skal markerast med ein lett synleg gjenstand, merka med fiskaren sitt namn. Alle som er med i garnfiske må delta aktivt under fisket, dvs.både ved utsetting og inntaking.
Reglar for bruk av fastståande reiskap for innanbygds er opplista i eit eige vedlegg.

 

9.Ved ulovleg fiske frå båt, når to eller fleire driv saman, kan roaren eller den som styrer båten bli stilt likt med den som handterer reiskapen. Brot mot reglane er straffbart. Reglane vart sist revidert i 2015.

 

10. Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn og Gjende, med maks. 10 hk (på Bessvatnet med maks 6 hk). På Bessvatnet og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).

Fiskereglane og fiskekortsalet gjeld ikkje for følgjande private vatn, vatn eller elvestrekning med privat fiskerett: Russvatnet, Ingulsjøen, Tjønnosen, Sjugurdsjøen, Grjothovdtjønn, Dravtjønn og Eldbuhølane.

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a