eldorado

Fjellstyret har plassert ut båt (aluminiumsbåtar av typen Linder, 13 fot) ved ein del vatn, der også utanbygds kan fiske med oter og/ eller garn. Det gjeld følgjande vatn, stad for bestilling/henting av nøkkel står bak:

Veslvatnet
Lemonsjø fjellstue
Kvitingen
Lemonsjø fjellstue
Surtningen
Lemonsjø fjellstue
Slomtjønn (2 båtar)
Lemonsjø fjellstue
Melingen
YX Heidal (Bjølstadmo)
Birisjøen
Heimsand camping
Nedre Birisjøtjønn 
Heimsand camping
Griningsdalsvatn
Heimsand camping
Nedre Leirungen
Besseggen fjellpark
Øvre Leirungen
Besseggen fjellpark
Brurskarstjønn
Besseggen fjellpark
 
Prisen er kr. 100,- pr. døgn evt. kr. 500,- for sesongkort. Den som løyser sesongkort har ikkje større fortrinnsrett til bruk av båtane enn andre, systemet vil fortsatt vera slik at den som tingar båten fyrst får leige den fyrst. Sesongkortet gjeld for alle båtane som Vågå fjellstyre leiger ut slik at ein ved å vise fram kvittering for løyst sesongkort kan nytte båtane på andre vatn. Lån av båtane er gratis for innanbygds. På utleigestaden får du og lånt redningsvestar gratis, vestane er i størrelse frå 40 kg. til 90+.

 Reglar for bruk av motorbåt

Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, største tillatne motorstyrke er 10 hk. På Bessvatnet (6 hk) og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).


Båten ved Øvre Lreirungen

 

 

 

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a