eldorado

space

Rev Hovdkinn

 

 

Da har vi oppsummert smårovviltjakta frå 2017. I tillegg til oppdateringane frå dei siste innleverte rapportane, vart det litt endringar på lista, sidan vi ved ein feil tidlegare hadde teke med nokre revar felt i 2016 på oversikta for 2017. Men nå er alt oppdatert og Rolv Magnus Hidemstrædet vann seniorklassa klart, med Asbjørn Øyen på 2.plass, Vidar Rugsveen, som har vunne dei fyrste tre åra, kom på 3.plass. Emil Rugsveen vann juniorklassa, med Elise Ålstedt Løken på 2.plass. Vi kjem attende med tid og stad for premieutdeling seinare.

Det berre å starte på at på ny frisk i 2018, som resultata viser vart det felt meir rev i 2017 enn dei to føregåande åra, vi ynskjer velkomen til ny jaktsesong. Vi treng fleire juniorar som driv aktiv smårovviltjakt, jakt på smårovvilt er ein fin måte å drive opplæringsjakt på! 

Revegluggen ved Sandranden er i drift også nå i 2018! Det er lagt ut åte, og reven er innom med jamne mellomrom, og det er felt rev i gluggen! Ta kontakt med Vidar Rugsveen (tlf. 917 27427) for å avtale tid for når du vil sitja!

Foto: Audun Heier

 

No result...
Ynskjer du å bli varsla på mail om
aktuelle sakar og nyheiter?

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a