eldorado

space

Trekkelg ligg

Med atterhald om godkjenning av ny forskrift om utvida jakt i januar for jakt på trekkelg, så vil fjellstyret opne for trekkelgjakt for eit ekstra jaktlag i tillegg til jaktlaget i Rindhovda og i Sjolie. Dette ekstra jaktlaget skal vera med å supplere felling av trekkelg i fremre delen av Sjodalen og i Randsverkområdet, og vil få tilvist jaktområde avhengig av innsiget av trekkelg. Fordi tidspunkt for dette varierer frå år til år, er det vanskeleg på førehand å bestemme kor stor kvota blir og når jakta blir igangsett.

Fjellstyret lyser med dette ut jakt på trekkelg i januar til eit ekstra jaktlag for to år (2018 og 2019). Innanbygds jaktlag (dvs. minimum 50 % innanbygds i Vågå, inkludert jaktleder) vil bli prioritert, og tildeling blir avgjort ved loddtrekning dersom fleire lag søkjer. Krav om minimum 5 jegere på laget. Laget må disponere godkjent ettersøksekvipasje. Det blir betalt ein kg-pris som tilsvarer det halve av haustjaktprisen, dvs. i dag kr. 36,50, pluss fellingsavgift. Fjellstyret disponerer eit slakterom på saga i Randsverk, med oppvarming. Elles kostar fjellstyret oppbrøyting av enkelte seter-/skogsvegar og framfrakting av dyr (snøskuterfrakt) til oppbrøytt veg.

Søknad med namn på alle jaktlagsmedlemmene blir sendt til fjellstyret innan 5. desember, gjerne på e-post. For meir informasjon, kontakt Knut Øyjordet på tlf. 90966277.

 

No result...
Ynskjer du å bli varsla på mail om
aktuelle sakar og nyheiter?

space

Kjøp fiskekort online

Fiskekort kjøper du online via Inatur:
inatur a 

Kjøp jaktkort online

Jaktkort kan kjøpes online via Inatur:
inatur a

Webkamera, Gjende:

webkamera
Klikk HER  for større bilde

Webkamera Lemonsjøen

webkamera LemonsjøenKlikk HER for større bilde

Kontakt info:

Vågå Fjellstyre
Pb.16, 2684 Vågå

Tlf: 61 29 37 37
Send oss ein E-post: mailico a