Friluftsliv
Jotunheimen og Sjodalen er eit svært viktig rekreasjonsområde for mange, også for den lokale befolkninga. I området er det svært gode moglegheiter for fjellvandring, skiturar, brevandring, jakt og fiske. Her finst alt frå lett tilgjengelege turområde i terreng som passar for småbarnsfamiliar og lite fjellvante folk, til krevjande høgfjellsturar. I området er det eit variert og godt turstignett, mellom anna i Gjendeområdet der det er fleire T-merka ruter å velja mellom.
Vinterstid byr områda på skiterreng av alle slag, både i preparerte løyper, etter kvista løyper og i område utan tilrettelegging. Det er utarbeidd eit skiløypekart, som er å få kjøpt på turiststadene. Av aktivitetar utanom det meir tradisjonelle friluftslivet, kan ein nemne rafting, juving og riding. Vågå Reiseliv har oversikt over dei tilboda som finst, du finn heimesida deira her. |
|












