Området ligg på nordsida av Ottadalen, og er omlag 24 000 da stort. Statsallmenninga er ein del av Nordherad fellesområde for dei som er interessert i jaktkort i området, og det er ein del av Nord-Ottadalen villreinområde. For dei som vil gå utan børse er det eit fint område for fot- og skiturar.












