Utsetting av fisk

Fisken blir produsert i AS Vågåfisk, eit fiskekultiveringsanlegg som ligg i Randsverk, og som fjellstyret er medeigar i. Fisken som blir sett ut er av lokale stammer, hovudsakleg frå Gjende og Lemonsjøen. Dei tilsette i Vågå fjellstyre er saman med ein deltidstilsett i AS Vågåfisk ansvarlege for den daglege drifta av anlegget. Det er pålagt minst 4 veterinærbesøk i året, all fisk som blir utsett er kontrollert for å væra sikker på at ein ikkje sprer sjukdomar eller parasittar med settefisken.

Ved utsetjing blir fisken transportert anten i kasser, med oksygentilførsel, eller i plastsekker som er fylt med vatn og oksygen og som blir snørt slik at dei er heilt tette. Transporten skjer med bil og båt der det er veg inntil, eller til fots med fisken i ryggsekken.

Vågå fjellstyre har dei siste åra sett ut i gjennomsnitt 13000 settefisk kvart år. Mesteparten av den er 2- somrig eller 2 årig, det vil seie at den er i størrelsen 4,5-7,5 cm. eller 7,5-10 cm. Det er fleire årsaker til at ein vel å setja ut såpass "liten" fisk, men ei av hovudårsakene er at den tåler transporten, og handteringa ved utsetjing betre enn større fisk. Tabell som viser utsetjing av fisk frå 1993 til 2010 finn du her.



Fjelloppsyn Knut Øyjordet set ut fisk i Diprtjønn