Reglar fastståande reiskap

Vedlegg til pkt. 8 i fiskereglane. Gjeld for innanbygdsbuande

REGLAR FOR FISKE MED FASTSTÅANDE REISKAP

A

Garnfiske er lov i tida 15. juni (kl. 16.00) - 30. juni (kl. 10.00) og i tida 1. august (kl. 16.00) - 15. september (kl. 10.00). På Flatningen, Lemonsjøen og Kvitingen er garnfiske lov berre til 10. september (kl. 10.00). På Gjende er garnfiske lov til 25. september (kl. 10.00).

GARNREGLAR
På Lemonsjøen, Kvitingen, Øvre Sjodalsvatn og Øvre Leirungen: Inntil 5 garn pr. fiskar og med 40 mm som minste lovlege maskevidde.
På Bessvatnet og Gjende: Inntil 6 garn pr. fiskar og med 40 mm som minste lovlege maskevidde. På Gjende kan ein i tillegg til dei 6 garna (eller åleine) bruke 2 garn på 29 mm eller mindre.
På Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet og Brurskarstjønn: Inntil 8 garn pr. fiskar, med fri maskevidde, men minst 2 garn pr. garnsett (fiskar) vera på 24 mm eller mindre. Dette kravet gjeld ikkje for Griningsdalsvatnet.
På Surtningen, Flatningen, Melingen, Øvre Birisjøtjønn, Nedre Sjodalsvatn og Nedre Leirungen: Inntil 5 garn pr. fiskar og med 35 mm som minste lovlege maskevidde.
På Surtningen kan ein i tillegg til dei 5 garna (eller åleine) bruke 1 garn på 29 mm og eitt garn på 24 mm eller mindre.
På Melingen, Øvre Birisjøtjønn og i søre del av Øvre Sjodalsvatn (frå innløpsosen og til oppsett merke ved Mosbessnaustet og i rettline over på andre sida av vatnet) kan ein i tillegg til dei 5 garna (eller åleine) bruke 1 garn på 24 mm eller mindre.
På Nedre Sjodalsvatn og i nordre del av Øvre Sjodalsvatn (frå utløpsosen og til oppsett merke ved Mosbessnaustet og i rett line på andre sida av vatnet) kan ein i tillegg til dei 5 garna (eller åleine) bruke 2 garn på 24 mm eller mindre.
Fiskarane blir oppfordra til også å nytte dei småmaska garna der dette er lov.
Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 meter, og kan ha ei høgd på inntil 2 meter. På Flatningen kan det nyttast garn med høgd på inntil 4 meter.

B

Fiske med reiv er lov berre i dei vatna det er opna for garnfiske og i same tida som for garnfiske. På vatn der det ikkje er opna for garnfiske kan ein likevel setje ut ei stong eller eitt handsnøre som kan stå over natta.
Ved fiske med reiv kan det nyttast inntil 50 krokar pr. fiskar.

C

Isonglar, dvs. pilkestikkar som er utsett, kan nyttast på alle vatn, men ikkje på Flatningen. Det er lov å nytte inntil 5 isonglar pr. fiskar. Ved bruk av isonglar over to eller fleire dagar skal fiskaren sjå etter dei minst to gongar kvar dag.

D

Generelle reglar for fiske med fastståande reiskap (garn, reiv og isonglar)

Ein og same person kan ikkje fiske på meir enn eitt vatn med fastståande reiskap pr. natt, og kan ikkje ha meir enn eitt fiskekort for fiske med fastståande reiskap.
Mellom kl. 10.00 og kl. 16.00 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i vatna.
Alle garn/garnrekkjer, reiv (ved bruk av line med utsetting frå båt) skal markerast med "garnkule" eller ein annan lett synleg gjenstand merka med fiskaren sitt namn. Reiv (utsett frå land) og isonglar skal vera merka med fiskaren sitt namn.
Det er til kvar tid forbode å setja garn og reiv nærare utløpsosen på Bessvatnet, inn- og utløpsosen på Øvre Leirungen, Sjoa sitt inn- og utløp på Øvre Sjodalsvatn, Leirungsåa, Svarva og Memuruelva på Gjende, samt Sjoa sitt innløp i Nedre Sjodalsvatn enn 100 meter. Ved Gjendeosen går denne grensa til oppsette merke på båe sider av vatnet (ca. 1 km frå osen).
Alle dei som er med i garnfiske og reivfiske (dvs. når to eller fleire fiskar saman), må delta aktivt under heile fiske, dvs. både ved utsetting og inntaking av reiskapen.

Anna

Det er ikkje sett noko nedre aldersgrense for å kunne delta med kvote i fiske med garn eller reiv. Men ein generell regel er at den som deltek i slikt fiske, må under normale vindforhold, vera i stand til å ro/styre båten eller kunne handtere reiskapen.
Ver nøye med tida, ikkje set uti garn eller reiv før kl. 16.00. Ved svært sterk vind kan garn eller reiv stå lenger i vatnet enn til kl. 10.00. Dersom det er praktisk mogleg, bør fjelloppsynet bli varsla dersom garn eller reiv ved slike værtilhøve blir ståande lenger enn til kl. 12.00.