Båtar
Fjellstyret har plassert ut båt (aluminiumsbåtar av typen Linder, 13 fot) ved ein del vatn, der også utanbygds kan fiske med oter og/ eller garn. Det gjeld følgjande vatn, stad for bestilling/henting av nøkkel står bak:
Prisen er kr. 100,- pr. døgn evt. kr. 500,- for sesongkort. Den som løyser sesongkort har ikkje større fortrinnsrett til bruk av båtane enn andre, systemet vil fortsatt vera slik at den som tingar båten fyrst får leige den fyrst. Sesongkortet gjeld for alle båtane som Vågå fjellstyre leiger ut slik at ein ved å vise fram kvittering for løyst sesongkort kan nytte båtane på andre vatn. Lån av båtane er gratis for innanbygds. På utleigestaden får du og lånt redningsvestar gratis, vestane er i størrelse frå 40 kg. til 90+.
|
For innanbygds er det for utøving av garn- og oterfiske også plassert ut båt ved Kvitingen (nøkkel Lemonsjø fjellstue) og Nedre Leirungen (nøkkel Besseggen fjellpark).
Reglar for bruk av motorbåt
Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, største tillatne motorstyrke er 6 hk. På Bessvatnet og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).
|
|












