Fiske

Det er generelt gode moglegheiter for fiske. Innan området er det lange elvestrekningar, store innsjøar som Gjende (ca. 2 mil lang) og små ”bortgøymde” tjønn. Hovudarten er aure, men det finst også røye i to vatn; Flatningen og Surtningen. Mange av vatna og elvestrekningane er lett tilgjengelege frå bilveg, men det finst også vatn og tjønn langt til fjells. Noko av sjarmen med å fiske er å finne sine eigne plassar og prøve seg fram med agn og fiskemåtar. Men av dei mest populære plassane kan vi nemne Sjoa frå utløpet av Gjende og nedover. Dorging på Lemonsjøen og Flatningen er populært, samt isfiske etter røye på Flatningen.



Isfiske etter røya på Flatningen