Lisensfelling jerv, bjørn og ulv

Rovviltnemnda for region 3/Oppland har vedteke kvoter for lisensfelling av bjørn, jerv og ulv. Kvotene vart sett til: bjørn: 4 dyr/ maks 1 hodyr, ulv: 2 dyr, jerv: 5 dyr/ 2 hodyr - av desse kan 3 dyr fellast i lisensområde B som Vågå kommune høyrer til.

Fjellstyra i Oppland har via annonse i GD gjeve grunneigar sin tillatelse til lisensjakt på desse tre artane for statsallmenning i Oppland. Tillatelsen gjeld for dei som har lisens for slik jakt og i tillegg har elg- eller reinsjakt i vedkomande statsalmenning. Andre må kontakte det lokale fjellstyret. I elgjakta er tillatelsen forbehaldt medlemmane av det enkelte jaktlag på det enkelte jaktfelt, andre må ha tillatelse av jaktlaget. For meir informasjon om Rovviltnemnda sine vedtak  sjå Fylkesmannen i Oppland sine heimesider her.