Vågå fjellstyre stoppar jakt på rype frå 30. sept. og ut sesongen 2022/23

Vågå fjellstyre har i sak 31/22 vedteke å stoppe jakta på både lirype og fjellrype frå og med 30.09 og ut sesongen 2022/23. Bakgrunnen for dette er bestandsmessige forhold, dvs. at vi nå etter ca. 10 dagar med jakt kan konstatere at årets produksjon generelt er låg når ein ser heile Langmorkje statsallmenning under eitt.

Jakt på dei andre småviltartane som det er opna for jakt på, går som tidlegare vedteke. Det blir difor fritt kortsal for utanbygds utan hund frå 30.09, og det frie kortsalet for innanbygds med og utan hund blir vidareført på vanleg måte, men det blir altså ikkje jakt på rype. For innanbygds med fuglehund gjeld jaktkortet også for trening med fuglehund på rype i heile statsallmenningen. Det kan bli aktuelt å opne for eit tilbod om trening med fuglehund på rype for utanbygds, slik som i fjor.

For meir utfyllande opplysningar, og for å sjå vurderingane som ligg til grunn for vedtaket, så finn du saka under “Møter-saker”, “Fjellstyresaker 2022”, eller ved å klikke inn på her: Sak 31/22: Småviltjakta etter regulert periode.

Oskar Pettersen