Opplegg for årets småviltjakt blir bestemt i fjellstyremøte 6. september

Det har i år vore krevjande forhold for gjennomføring av taksering av lirype i Langmorkje statsallmenning. Vi har tatt oss god tid for å få gjennomført takseringane som i tidlegare år, for å ha eit så godt fagleg grunnlag som mogleg fram mot fjellstyremøte 6. september. I helga blir dei siste takseringane gjennomført, og difor kjem saksutgreiing og innstilling til vedtak først mondag 4. september eller tysdag 5. september.

Oskar Pettersen