Ledig seter med dyrkingsparsell

Det er ledig ei seter med dyrkingsparsell i Langmorkje statsallmenning. Det gjeld Lykkjesetra ved Sandranden, som brukaren har sagt frå seg. Setra er på ca. 23 dekar, der ca. 18,5 dekar er dyrka. Parsellen er på totalt ca. 29 dekar, der ca. 26 dekar er dyrka. Søknadsfrist er 1. mai 2023. Utgangspunktet er at setra med dyrkingsparsellen blir vist ut til ein og same brukar. Det er mogleg å søkje for alle, uansett driftsmåte med dyr. Dei som ønskjer å få utvist både seterkvea og parsellen berre som tilleggsjord, kan også søkje. Ta kontakt med Knut Øyjordet (tlf. 90966277) på fjellstyrekontoret dersom du har spørsmål.

Søknadsskjema finn du her

Kart over setra og dyrkingsparsell finn du her

Fjellstyresak 10/23 om ledig seter og dyrkingsparsell finn du her

Oskar Pettersen